Platetørka havregryn
Vart kåra til ”Årets råvare frå land” under Matfestivalen i Ålesund 30.08.08, og var med som ein viktig bestanddel av desserten under ”Årets Måltid” i Stavanger 30.10 same år. For å lage platetørka havregryn må havrekornet først gjennom avskaling og steaming før tørking på platetørka. Havremargen går til slutt gjennom ein valsestol og kjem ut som havregryn med litt av den gode ”brentsmaken” som havregryn hadde i gamle dagar. Volda Elektriske Mylne
