top of page

Kornboka - Brødets og ølets historie


Boka tar for seg korleis historia til kornet er vevd inn i sivilisasjonane som har bygd på det, fram til i dag. Biologiske eigenskapar og mutasjonar vi har møtt på tallerken og i gryta, er evolusjonsbiologi god som nokon. Dei finst i språket, i religion og kultur, i forskjellar mellom samfunn og i global politikk i dag. Dei stivelsesrike grasfrøa vi har levd av i tusenvis av år, vil vi òg avhenge av framover – men korleis?


Folk har sanka korn i titusenvis av år – men for 10–12 000 år sidan tok dei til å temme det – først i Midtausten, snart etter i Kina, så Mellom-Amerika, Afrika og India. Dei blei, liksom husdyra, genetisk endra til eit liv i fangenskap. Dei kunne rømme igjen, men ikkje menneska, fordi dei raskt blei fleire. Fordi kornet var haldbart i årevis, blei kornlagera verdas første pengar og kapital og grunnlag for klassesamfunn. Alle kornsamfunn utvikla derfor skriftspråk og talsystem. I Kina og Afrika blei kornet kokt, i Midtausten male til mjøl og bakt til brød. Alle kunne når som helst brygge øl av det.

Det siste tiåret har DNA-sekvensering klarlagt mange av gena som temma kveite, ris, mais og andre kornartar. Somme mutasjonar, som aroma i basmati-ris, skjedde ein gong og spreidde seg til jasmin-ris. Andre eigenskapar har oppstått fleire gonger. Saman med ny arkeologi trer dei mange kornhistoriene nå fram.

Kornets biologiske historie er vår mathistorie. Rikdomen på mutasjonar gjorde mogleg mangedoblinga i kornproduksjonen i løpet av 1900-talet. Trass i ei tredobling av folketalet fall kornprisen kontinuerleg, bortsett frå under verdskrigane og ei børsboble i 1973. Ingen hundreår før har sett ei slik utvikling. Kornet mettar dei sju milliardane i dag, men kan det òg mette ti? Må vi ete meir korn, heller enn å fø opp stadig fleire husdyr? Og er det sunt for oss? Frå å vera eit symbol på overflod, feira på tallause myntar og frimerke, blir korn – særleg kveite – nå klandra for sjukdomar som cøliaki, diabetes og fedme. Samtidig vil mange ha «ekte» urkorn. Finst dei, og var dei betre? Kanskje ligg svara i denne boka… Boka følgjer også ølet frå dei tidlegste bobler.

ISBN: 9788282655149 Status: I sal hos Dreyers Forlag Utgitt år: 2021 Sideantall: 352 Innbinding: Innbundet

Kornboka_omslag[1]
.pdf
Download PDF • 412KB



Relaterte innlegg

Se alle

Ei historie frå Voss. Ein bonde frå Vestbygdi kom innom på kontoret til distriktslækjaren på Vossevangen ein gong og bad om ein resept på sprit. Han var så forkjøla og tung for bringa, sa han og meint

bottom of page