top of page

Varm havresuppe

Ei historie frå Voss.

Ein bonde frå Vestbygdi kom innom på kontoret til distriktslækjaren på Vossevangen ein gong og bad om ein resept på sprit. Han var så forkjøla og tung for bringa, sa han og meinte at spriten ville gjera han godt. DistriktsIækjaren, som var kjend som ein morosam kar, svarte: - Nei, den beste medisin eg kan visa deg til i dette høvet, er varm havresuppe. Seinare ein gong var den same distriktslækjaren ein tur til Vestbygdi. Der var han uheppen med bilen sin og fekk motorstopp. Medan han stend med hovudet bøygd over bilmotoren, kjem bonden framom og spør kva som er i vegen med bilen. - Han er komen i ulag, seler lækjaren. - Dao faor du gje han varm havresuppe, sa bonden — to tenkje eg han vetto god att. Kilde GLYTT AV GODTFOLK Einar Ullestad Rune Forlag, Trondheim 1971 Prenta av Nidaros Trykkeri ISBN 82-523-0028-6

Relaterte innlegg

Se alle

Meir havre

I Dag og Tid nummer 1/24 set Siri Helle søkjelyset på norsk havre og etterlyser større mangfald i sortar og produkt av havre. Nettopp! Havren har vore nedvurdert sidan den kom hit i eldre jernalder so

コメント


bottom of page