top of page

Havre er sunt for friske folk

Av Åsmund Bjørnstad, 19.04.2023


At havre er sunt for helsa, er ei kjent sak – men ofte grunngitt negativt: Du unngår uroleg fordøying, dempar høgt kolesterol, minkar sjansen for tykktarmskreft, diabetes osb. Men havre er også sunt om du er heilt frisk! Det viste ei undersøking frå Haukeland sjukehus og Lovisenberg, gjort av Jørgen Valeur m.fl. og publisert i British Journal of Nutrition i 2016.


Ti forsøkspersonar, alle heilt utan fordøyingsproblem, åt havregraut (tilsvarande 60 gram havregryn) kvar morgon i ei veke. Gassproduksjonen («luft») i tarmen, målt ved produksjon av hydrogen og metan, var uendra, men visse enzym minka i avføringa. Det same gjorde ein indikator på betent tarm, men skilnaden var ikkje statistisk sikker. Dette tyder på havregrauten førebygger problem. At dette var tydeleg etter bare ei veke, syner at tarmfloraen tilpassar seg raskt.

bottom of page