top of page

Regnet

Dikt av Olav Aukrust fra "Hamar i Hellom" 1926

Det ofsa med yre på yre - ein rasande regnorkan nidpiska svaler og veggjer, det gufsa mot glas og altan! Utborne pott'-blomar datt over ende, so stridt var vêret, - inn att skvatt kløkke og ljosklædde kvende - "- å skund deg, å nøyt deg no, kjære!"

Det aukar og minkar og veks att med gledeleg ofse - det held ikkje upp att, det hev ikkje meir nokor naud, i dogg over graset som gror i so fredeleg ofse, er engi so frodig og frisk at ho stend som ein fraud. I røtom og tægom no skjer det, det veks med ein stend der og ser det - og atter ei yre - å jau, san, å jau, san, å jau!

Det smell, det hoppar og haglar i fjell, og det brest, og det braglar på blomar og blad uti hagen, som kvelden om hausten er dagen, med skodd i sitt andlitsdrag, - villmarki vêrar han rått på - - og detta kom uventa brått på ein strålande jonsokdag!

Finne ei livdekrå var ikkje tenkje på djupt inni djupaste morkom, dess meir, - det herja og regnde, det slo og det dengde - det draup nedi utgamle turrkvist-reir.

Men bonden på tunet stend glad og trygg: å du, for ei uventa, velsigna vatning for rug og for havre og bygg!

Det valdar og veks som det vil, det finst ikkje sælare til. Og sumarhamni på fjellom! No kjem det seg jamvel der, - no gror det på turraste stellom - å-hå, for eit kjærkome vêr!


Relaterte innlegg

Se alle

Meir havre

I Dag og Tid nummer 1/24 set Siri Helle søkjelyset på norsk havre og etterlyser større mangfald i sortar og produkt av havre. Nettopp! Havren har vore nedvurdert sidan den kom hit i eldre jernalder so

bottom of page